Berekraft
Samfunnet er på veg mot full openheit om korleis vi driv våre selskap og verksemder. Forventningane til at også du tek berekraftsansvar aukar raskt, også om du er i eit lite selskap.
Berekraft – kvifor skal vi bry oss?
- Lovene endrar seg og det kjem stadig nye krav knytt til berekraft.
- Tilgang til kapital, forsikring og partnarskap avheng av i kva grad vi kan tilpasse oss.
- Eksterne hendingar knytt til klimaendringar kan føre til feil, økonomiske og/eller menneskelege tap og omdømmetap.
- Tillit og tilgang til marknader og arbeidskraft kan bli svekka.
Vi hjelper – med erfaring og kompetanse
- Som godkjent miljøfyrtårnkonsulent i Ymsir AS, hjelper eg små og mellomstore verksemder på vegen til sertifisering. Miljøfyrtårnsertifisering er den mest brukte sertifiseringa i Noreg for bedrifter som ønsker å vise samfunnsansvar, gå foran i den grøne omstillinga og vil dokumentere sitt ansvar for natur, miljø og berekraft.
- Dersom du ikkje er klar for sertifisering, men ønsker å kome i gang med berekraftsarbeid både på miljø, samfunn og selskapsstyring (ESG), har vi et tilbod som får deg i gang på ein tidseffektiv og enkel måte. Her jobber eg saman med Aud Ingrid Espeland. Vi er begge en del av Peak Sunnfjord og investeringsmiljøet i regionen. Vi har begge eit stort engasjement for at små og mellomstore bedrifter skal lykkast med berekraftsmål og nye krav. (Les meir om oss lenger nede).
Ta kontakt for en prat om kva som passar best for deg.
Kva gjer andre?
- Vi kan lære mykje av kvarandre. I denne rapporten kan du lese kva 20 representantar for store og små verksemder i Sogn og Fjordane delte med oss av erfaring og innsikt hausten 2022.
- I desse podkast-episodane kan du høyre leiarar og fagfolk frå Vestland snakke om korleis dei blir påverka av og jobbar med berekraft (klikk på play-ikonet under).
Anne Mette Hjelle
Eigar/rådgjevar Ymsir AS
annemette@ymsir.no
Tlf.nr. +47 99 28 43 02
Kontor: Peak Sunnfjord, Førde
Erfaring
Lang erfaring med media, kommunikasjon og leiing. Erfaring frå ei rekke styreverv. Tidlegare kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Kompetanse
Leiing, styrearbeid, berekraft, kommunikasjon og digitalisering.
Utdanning
Executive Master of Management, Handelshøyskolen BI. Årsstudium i statsvitenskap, Universitetet i Oslo. Sosialøkonomi, American University in Paris.
Relevante kurs
- DNV: Bærekraftsrapportering etter GRI-standard
- Governance Group: «GRI certified Training course based on the GRI Sustainability Reporting Standard» (Introduction to Sustainability Reporting and the GRI Standards, Stakeholder Engagement og Materiality)
- GRI Academy: Reporting on Human Rights with GRI Standards 2021 Update – E-learning
- GRI Academy: Integrating the SDGs into Sustainability Reporting – E-learning
- Styreforeningen: Bærekraft – strategisk fokus i styrerommet
Les korleis Ymsir AS jobbar med berekraft:
Aud Ingrid Espeland
Partner, Vestind AS
aie@fjordinvest.no
Tlf.nr. +47 91 33 57 24
Kontor: Peak Sunnfjord, Førde
Erfaring
Lang erfaring frå selskapsleiing, kapitalforvaltning og eigarstyring. Erfaring frå ei rekke styreverv. Tidlegare banksjef i Fjaler Sparebank og revisor i PwC.
Kompetanse
Leiing, styrearbeid, berekraft, finansiering og økonomistyring.
Utdanning
Siviløkonom NHH og statsautorisert revisor. Master i Strategisk ledelse NHH.
Relevante kurs
- Styreforeningen: Bærekraftsrapportering i praksis
- Styreforeningen: Bærekraft – strategisk fokus i styrerommet
- DNV: Bærekraftsrapportering etter GRI-standard