Om meg
Eg har vore engasjert og nysgjerrig så lenge eg kan hugse. Glad i gode brukaropplevingar og ny kunnskap.
Då er det fint å ha ein jobb der eg hjelper leiarar og tilsette i offentleg og privat sektor med å sparre, løyse problem og nå viktige mål ved hjelp av berekraftig utvikling og strategisk kommunikasjon.
Lang erfaring
Forståing for strategi er kome med åra, gjennom erfaring og utvikla formell og uformell kompetanse. Eg har 20 års erfaring som journalist i ulike medium (Firda Tidend, Bergens Tidende, NRK Sogn og Fjordane). Eg har drive eige kommunikasjonsselskap og jobba som kommunikasjonsdirektør i leiargruppa i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Formell utdanning
Av formell utdanning, har eg mastergrad frå Handelshøyskolen BI i digital kommunikasjonsledelse, endringsledelse og «Ledelse; makt og mening». Det har også gitt meg tilgang til gode nettverk. I tillegg har eg formell prosjektkompetanse (og erfaring med prosjektstyring og -verktøy).
Leiing
Til saman har praksis, kurs og studium gitt meg erfaring, kunnskap og kompetanse om strategisk leiing, berekraft, endringsprosessar, offentleg styring, PR og kommunikasjon, brukaropplevingar, klarspråk, styrearbeid og media.
Eg veit måtar eg kan bidra med, slik at di verksemd kjem dit du vil, enten gjennom seminar og workshops, kurs eller rådgjeving ein-til-ein. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.
Om vi finn ut at vi vil jobbe saman, så er mi rolle å utfordre, hjelpe og gjere deg betre på eiga hand.
Språk
Meir om kven eg er: Når eg skal på ei scene, kjem erfaring frå radiosendingar til nytte. Det er også verdifullt å vere fleirspråkleg. Engelsk er lett. Fransk er mindre lett, men det duger sosialt. Nynorsk og bokmål sjonglerer eg enkelt, noko som også har stor verdi – særleg i det offentlege. Eg bur i «nynorskland» (Vestland), og eg er glad for å ha jobba i styret i verdas beste nynorske riksavis, Dag og Tid.
Styreverv /adm
Kunnskap og interesse for teknologi og digitalisering kjem til sin rett i arbeidet for IT-forum Vest. Sans for verdiskaping, særleg i eigen region, får utløp gjennom eigarskap og styreplass i investeringsselskapa, Fjordvekst AS og Peak Venture AS. Då er det ekstra gøy å ha kontor i Peak Sunnfjord, som husar spennande start- og vekstbedrifter. Samfunnsengasjementet mitt kjem også til uttrykk gjennom styrevervet i Nok. Norge. Formålet til organisasjonen er å forebygge seksuelle overgrep og hjelpe dei som har vore utsett for det, uansett kven dei er og kor i landet dei bur.
Medlemsskap/fellesskap
Mitt selskap er medlem av Styreforeningen og UN Global Compact og har signert Grønnvaskingsplakaten.
Eg er i tillegg godkjent som Miljøfyrtårn-konsulent. Om du vil vite meir, så kan du lese profilen min på LinkedIn.
Du kan også lese meir om selskapet Ymsir AS (tidl. Anne Mette Hjelle AS) i: